Ålesund bibliotek og Norsk Folkehjelp inviterer til språkkafé annankvar torsdag på Ålesund bibliotek.
Vi snakkar norsk saman, ofte om eit bestemt tema. Vi spelar spel eller gjer andre aktivitetar. Her kan du øve på norsk, møte nye menneske og ta ein kopp kaffi eller te med litt snacks.
Det er gratis å vere med, og du treng ikkje melde deg på – det er berre å møte opp.
Alle er velkomne!