Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Sjøholt bibliotek er ubemanna måndag 17. august

Biblioteket kan likevel nyttast i åpningstidene til Innbyggartorget, kl. 9.00–14.30. 
Det er også meirope til vanlege tider, kl. 9.00–22.00.

  • Hendelse

Bokhausten på biblioteket – litteraturpris, boktips og haustens arrangement

Dato

Tysdag 1. september 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:00

Stad

Moa bibliotek

Last ned kalenderfil (.ics)

Start lesehausten med oss!

Bli med når tilsette frå Ålesund bibliotek og Moa bibliotek presenterer dei nominerte bøkene til Bibliotekets litteraturpris og deler lesetips og inspirasjon til haustens lesing.

Vi gir deg også ein smakebit på alt det spennande som skal skje på Ålesund bibliotek og Moa bibliotek denne hausten. Du får høyre meir om kommande arrangement, forfattarmøte, føredrag, bokpratar og andre litterære opplevingar – og du får sjølvsagt med deg haustens programhefte heim.

Har du lyst til å lese meir saman med andre? Denne kvelden inviterer vi også deg som er nysgjerrig på lesesirklar. Kanskje møter du andre som har lyst til å lese og diskutere bøker saman med deg? Vi deler tips til korleis de kan kome i gang.

Sidan 1. september er Nasjonal bibliotekdag, feirar vi dagen med kaffi og kake.

Velkommen til ein hyggeleg kveld med bøker, leseglede og inspirasjon – og få ein smakebit på alt biblioteket har å by på denne hausten!

Arrangementet blir halde på Moa bibliotek. Det er gratis og ope for alle – velkommen!

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Moa bibliotek