Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Sjøholt bibliotek har bemanna opningstid kl. 13.00–17.00 måndag 7. september.

Biblioteket er meirope kl. 09.00–22.00.
Det er også boklansering ved Ørskog frivilligsentral kl. 18.00.  

Onsdag 9. september vert strikkekaféen ved Ålesund bibliotek avlyst, grunna gravferda til Hans Majestet Kong Harald V. 

  • Hendelse

Forfattarmøte: Gert Rietman

Dato

Torsdag 10. september 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:00

Stad

Moa bibliotek

Last ned kalenderfil (.ics)

Gert Rietman kjem frå Nederland og har budd i Noreg sidan 1997. Han er leiar i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn og kjem til Moa bibliotek for å lansere si nye bok På sidelinja i Noreg.

Frå boka: På sidelinja i Noreg er ei personleg, varm og humoristisk bok om å finne seg til rette i eit nytt land – og om å oppdage at ein kan høyre heime fleire stader samtidig. Gjennom korte forteljingar møter lesaren eit Noreg sett med undrande auge. Bak dei morosame historiene ligg refleksjonar om identitet, heimlengsel, tilhøyrsle og korleis eit nytt språk og ein ny kultur sakte blir ein del av den ein er. Boka er ei kjærleikserklæring til Noreg – men òg ei påminning om at den som kjem utanfrå, ofte ser det dei som bur her, ikkje lenger legg merke til.

 

Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Moa bibliotek