Teolog Helge Hognestad kjem til Moa bibliotek for å snakke om si nye bok Morgendagens kristendom?
Frå boka: «Kristendom og kirke deler innsikt med andre religioner og religiøse fellesskap om at jorden, kosmos, universet, er båret og ledet av en uendelig vis og kjærlig kraft eller bevissthet.»
Slik opnar Helge Hognestad sitt teologiske testamente, Morgondagens kristendom. Gjennom eit langt liv som prest og teolog har Hognestad (f. 1940) vore oppteken av åndelegheit og religiøs søking, ofte i strid med det til ei kvar tid gjeldande synet i kyrkja. I denne boka er likevel ikkje målet hans å endre kyrkja, men å strekkje ut ei hand til alle der ute som søkjer det åndelege på den kristne vegen
Arrangementet er eit samarbeid med Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi.
Velkomen!