Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

På sidelinja i Noreg: boklansering med Gert Rietman

Dato

Måndag 7. september 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:30

Stad

Ørskog frivilligsentral

Last ned kalenderfil (.ics)
Portrettfoto av Gert Rietman og forsiden på hans bok På sidelinja i Noreg

På sidelinja i Noreg er ei personleg, varm og humoristisk bok om å finne seg til rette i eit nytt land – og om å oppdage at ein kan høyre heime fleire stader samtidig.

Gjennom korte forteljingar møter lesaren eit Noreg sett med undrande auge. Bak dei morosame historiene ligg refleksjonar om identitet, heimlengsel, tilhøyrsle og korleis eit nytt språk og ein ny kultur sakte blir ein del av den ein er.

Boka er ei kjærleikserklæring til Noreg – men òg ei påminning om at den som kjem utanfrå, ofte ser det dei som bur her, ikkje lenger legg merke til.

Måndag 7. september har Gert Rietman boklansering på Frivilligsentralen saman med Sjøholt bibliotek. Arrangementet varer frå 18.00 til 19.30. Frå cirka 19 blir det mingling med kaffi og enkel servering. Velkomen!
 

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Ørskog frivilligsentral