Les Vegas, baby! er ei samlings- og lesestund, med innslag av song, rim og reglar for barn frå 7 månader til 1,5 år og deira føresette. Vi samlast i barneavdelinga ved biblioteket. Sjølve økta går føre seg i om lag ein halvtime. Etterpå er det tid for hyggeleg samvære, med høve til både leik og kravling rundt omkring på barneavdelinga. Vi legg til rette med tepper, puter, bøker og leiker, slik at det blir ei god oppleving for både barn og vaksne.
Alle er velkomne til Les Vegas, baby!, uansett språkkunnskapar, nasjonalitet og kulturell bakgrunn. Hugs at det aldri er for tidleg å lese for barnet ditt! På den måten blir språkutviklinga stimulert. I tillegg bidreg samlinga til sosialisering i trygge og trivelege omgjevnader, både for barna og for dei vaksne.