I høve forbodne bøker-veka vil Christian Pettersson og Sigurd B. Syversen frå biblioteket ta for seg to bøker som begge har blitt sensurerte. Dei vil snakke om romanen "De uadskillelige" av Simone de Beauvoir og teikneserieromanen "Husfred - en tragikomisk familiehistorie" av Alison Bechdel, som har til felles at dei handlar om likekjønna kjærleik og fordømming frå samfunnet rundt.
Forbodne bøker-veka går i år av stabelen 5.-11. oktober. Veka skal rette merksemd mot alle former for sensur og forbod av litteratur, og vere ei feiring av fridommen til å skrive og lese akkurat kva ein vil.
Arrangementet er gratis og ope for alle.