Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Strikkekaféen ved Ålesund bibliotek vert avlyst onsdag 9. september, grunna gravferda til Hans Majestet Kong Harald V.

  • Hendelse

Sommarlesfest i Parken kulturhus

Dato

Laurdag 12. september 2026

Tidspunkt

kl. 13:00 - 14:00

Stad

Parken kulturhus

Last ned kalenderfil (.ics)

Ålesund og Moa bibliotek slår seg saman og inviterer til tidenes Sommarlesfest 2026 i samarbeid med Parken kulturhus. Arrangementet markerer avslutninga på den årlege lesekampanjen Sommarles, og byr på feiring for barn, ungdom og familiar.

Leseglede i ei viktig tid

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje som kvart år engasjerer tusenvis av barn til å lese meir gjennom sommarferien. Kampanjen er særleg viktig no, fordi fleire undersøkingar viser at leseferdigheitene til norske barn har vore synkande dei siste åra. Difor blir lesarane i år premiert for lesetid, ikkje berre sidetal, slik som tidlegare. Dette skal gjere det enklare for alle barn å delta, uavhengig av lesetempo og bokformat.

I samband med lesekampanjen opplever biblioteka i Ålesund ein positiv auke i talet på unge, faste lånarar. Dette viser kor viktig det er å inspirere unge til å lese vidare.

Lokal headliner og musikalsk oppleving


Årets tema for Sommarles er teikneserie, ein sjanger som stadig aukar i popularitet, noko også utlånsstatistikken også ved biblioteka tydeleg viser. På arrangementet vil lokal forfattar Thomas Smoor Isaksen frå Bluss forlag i Ålesund, halde bokkino med sin nye teikneserie Otto og Stein, illustrert av Ruben Nerheim.

I tillegg kjem Trio No Treble, ein stryketrio som speler kjende, moderne songar for barn i nye tonar. Trioen består av Ivan Penjin (bratsj), Eivind Rossbach Heier (cello) og Jostein Bolås Brødreskift (kontrabass). Trioen har engasjert barn over heile landet med sine konsertar.

Eit av høgdepunkta under arrangementet er kåringa av dei tre ivrigaste lesarane i årets kampanje. Vinnarane vil bli premiert med gåver frå Bluss forlag, Aalesunds museum, Odeon kino og Uteguiden.

Arrangørar: Ålesund bibliotek, Moa bibliotek og Parken kulturhus

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Ålesund bibliotek

Kontakt

Lia Ciobanu Andresen

Om staden

Namn

Parken kulturhus