Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Det du (ikke) ser

Bilete av Karina Tene med tekstilkunst. - Klikk for stort bilete

Kunstnaren Karina Tene har utstilling ved Ålesund bibliotek i mai og juni. 

Tidspunkt
Fredag 03.05.2024 10.00 - laurdag 29.06.2024 15.00
Stad
Ålesund bibliotek

Karina Tene er ein nyetablert kunstnar, og hennar kunstnariske praksis er tekstilbasert. Ho utforskar moglegheitene for transformasjon av materialet gjennom ulike teknikkar, og eksperimenterer med den skulpturelle kapasiteten til materialet.

 

Tene fortel at kvart materiale ho nyttar i kunsten sin er knytt til ei oppleving, ei kjensle, eit minne, ei historie, ein tanke eller eit spørsmål. Gjennom kunsten utforskar ho tema som migrasjon, identitet og kulturell integrasjon.

 

Utstillinga «Det du (ikke) ser» er ein refleksjon over mennesket si skjørheit og sårbarheit. Den reflekterer over dei kjenslene vi ikkje viser så lett, og dei detaljane vi eigentleg ikkje ser før vi byrjar å legge merke til dei.

 

Du kan sjå utstillinga i biblioteket si opningstid frå fredag 3. mai.

Velkommen!