Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Forfattarsamtale med Brit Bildøen

protrett av brit bildøen saman med boka gult farevarsel - Klikk for stort bilete Tove Breistein
Dato
22. mai 2024
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Moa bibliotek

Moa bibliotek inviterer til forfattarsamtale med Brit Bildøen onsdag 22.mai.

 

Brit Bildøen (f.1962) er født i Ålesund og vaks opp på Aukra. Ho debuterte som forfattar i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan gitt ut fleire romanar, essay, barnebøker og lyrikk. Ho vann Nynorsk litteraturpris for romanen Tvillingfeber i 1998 og har sidan vunne fleire prisar, blant anna i 2023 når ho vart tildelt Doblougprisen for heile forfattarskapet sitt.

 

I 2023 gav ho ut boka Gult farevarsel, ein spenningsroman og eit familiedrama om vår plass i naturen. Dorte har stelt i stand gullbryllaupsfeiring til foreldra på Innsetra, ein luksuriøs gjestegard langt til fjells. Ting går ikkje som planlagt når uvêret bryt laus, eit jordras tek vegen ned frå setra og dei får uventa besøk i form av to ruskete jegerar. Hardt vêr og ulovlig ulvejakt er bakteppet til alt som går gale denne helga på fjellet, og familieforholda blir sett på prøve frå første til siste side.

 

Kom og hør på Brit Bildøen i samtale med Anne Marthe Synnes!

Arrangør

Moa bibliotek