Ta med barna på lesestund eller bokkino!

Vil barnehagen eller klassa di komme på besøk til biblioteket og bli lest for? Lesestund og bokkino passar best for barn mellom 3 og 6 år. Bokkino og lesestund er det same, men ved bokkino blir bileta frå boka vist på eit lerret, slik at alle kan sjå dei medan det blir lest.
Bibliotek som har lesestund eller bokkino:
- Ålesund bibliotek
- Moa bibliotek
- Sjøholt bibliotek
Ta kontakt med ditt lokale bibliotek, så set vi opp ei tid!
Sist endra 02.03.2026 10.07