Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Skular og barnehagar

Ta med klassa eller gruppa di til biblioteket, eller få ein bibliotekar på besøk.

barnebøker for småbarn strødt utover bord - Klikk for stort bileteAlle grunnskuleelevar på 2. trinnet, 6. trinnet og 8. trinnet får kvart år invitasjon til klassebesøk i biblioteket. Andre klassetrinn er òg velkomne. Ring og spør!

Besøka omfattar praktisk orientering om bruk av biblioteket og bokpresentasjonar. Det blir òg høgtlesing/forteljing for dei minste.

Lånekort

Elevar som ikkje har lånekort, vil få det, og det blir sett av god tid for barna til å bli kjent i biblioteket og til å låne bøker.

For at alle skal få lånekort, må vi ha ferdig utfylte skjema med underskrifta til foreldra i god tid før besøket.

Skjema for lånekort til barn (PDF, 687 kB)