Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Sommarles

Lesekampanje for barn og unge. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.
Poster med animerte sommerles-karakterer i regnskogen - Klikk for stort bilete

Sommarles er ei nasjonal lesekampajne for barn frå 1.-7. klasse. Kampanjen har som mål å motivere barn til å lese av eigen lyst, og varer frå 1. juni til 31. august kvart år. For å vere med kan ein lese sjølv, høyre lydbok eller bli lest for. På nettsida sommerles.no kan de registrere det barna les og oppnå digitale trofear, finne historier å lese, oppgåver og anna moro. Barna får poeng ut ifrå kor mykje dei les basert på alder, og når dei er kome til nivå 10, 20 og 30 kan dei hente seg premiar i biblioteket.