Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Meirope bibliotek

Meirope bibliotek vil seie at ein kan bruke biblioteket også før og etter den ordinære opningstida. 

Mange bokhyller i ulike fargar, arbeidsbord og stolar. Foto. - Klikk for stort bilete

 

Biblioteka våre som er meirope:

  • Moa bibliotek
  • Skodje bibliotek
  • Sjøholt bibliotek
  • Ålesund bibliotek (frå 5. oktober 2026)

Sjå opningstidene for det einskilde bibliotek her.

Kva kan du gjere på meirope bibliotek?

  • Låne, levere, søke, hente og reservere materiale 
  • Lese og finne informasjon 
  • Lese aviser og tidsskrift 
  • Studere og gjere lekser 
  • Skrive ut 
  • Nytte trådlaust internett 

Korleis og kven kan få tilgang?

  • For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skrive ein kontrakt med biblioteket.
  • Det er lånarar frå 18 år og oppover som kan få tilgang til meirope.
  • Barn kan vere med til biblioteket når det er meirope dersom dei er i følgje med ein føresett som sjølv har denne tilgangen.
  • Sjå meir under om korleis meirope fungerer ved dei einskilde biblioteka.

Meirope på Moa og Ålesund bibliotek

  • Ved fysisk oppmøte ved eit av Ålesundsbiblioteka, kan du skrive kontrakt og få tilgang til meirope på Moa og Ålesund bibliotek.
  • Det er lånekortet ditt som også fungerer som adgangskort. Du kan bruke både det fysiske lånekortet eller digitalt lånekort i Bibliofil-appen. 
  • Du treng også ein 4-sifra pinkode. Denne får du også ved biblioteket når du blir registrert som meirope-lånar. 
  • Ved Moa bibliotek låser du deg inn ved inngangen inne på kjøpesenteret. 
    Du låser deg inn på denne måten:
    • Skann det aktiverte lånekortet i påloggingspanelet til venstre for døra. Du kan bruke både fysisk kort eller digitalt lånekort frå Bibliofil-appen.
    • Tast pinkoden din. Vent på at døra går opp. 
  • Ved Ålesund bibliotek må du låse deg inn både ved hovudinngangen til bygget i 1. etasje og ved inngangen til sjølve biblioteket i 2. etasje.
    Du låser deg inn på denne måten:
    • Skann det aktiverte lånekortet i påloggingspanelet til venstre for døra. Du kan bruke både fysisk kort eller digitalt lånekort frå Bibliofil-appen.
    • Tast pinkoden din. Vent på at døra går opp. 

Meirope på Sjøholt bibliotek

  • Her må du møte opp ved biblioteket og skrive kontrakt.
  • Du vil få eit eige adgangskort og ein 4-sifra pinkode. Dette bruker du til å låse deg inn både til sjølve bygget og til biblioteklokalet.  
    Du kan altså ikkje bruke lånekortet ditt eller digitalt lånekort i Bibliofil-appen!
  • Slik låser du deg inn:
    • Ved yttardøra til bygget: Trykk A-knappen på nummertastaturet, hald meirope-kortet ditt inntil tastaturet og tast pinkoden. 
    • Ved døra inn til biblioteket: Hald meirope-kortet inntil nummertastaturet til døra opnar seg. Om døra ikkje åpnar seg, kan du taste inn den 4-sifra pinkoden her også. 
    • Nummertastaturet kan av og til bruke litt tid, då må du halde kortet inntil litt lenger.
    • Hugs å lukke døra etter deg når du forlet biblioteket. Døra vil gå i lås automatisk.

Meirope på Skodje bibliotek

  • Her må du møte opp ved biblioteket og skrive kontrakt.
  • Du vil få eit eige adgangskort som du brukar til å låse deg inn både til sjølve bygget og til biblioteklokalet. Du får også ein firesifra pinkode som skal brukast saman med kortet. 
    Dersom du ikkje fekk denne pinkoden saman med kortet ditt, kan du få den ved å kontakte biblioteket i åpningstida. 
    Du kan altså ikkje bruke lånekortet ditt eller digitalt lånekort i Bibliofil-appen!
  • Slik låser du deg inn:
    • Du låser deg inn ved å skanne kortet og taste inn pinkoden ved den nedre inngangen til Gomerhuset. 
    • Gå opp trappa til biblioteket, skann kortet og tast inn pinkoden en gang til for å åpne døra inn til biblioteklokalet.