Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

"Å være barfot"

I juni er det utstilling med biletkunstnar Mette Elisabeth Fausa ved Ålesund bibliotek.

Velkomen til kunstutstilling med biletkunstnar Mette Elisabeth Fausa på Ålesund bibliotek. Ho har vakse opp på Volsdalsberga i Ålesund, og saman med mannen Arild har ho tre barn og ti barnebarn. Fausa er ei allsidig dame med mange jarn i elden. Mange kjenner henne som primus motor for skodespelet Julenatt som blir framført kvart år i pinsemeinigheita Filadelfia. Der har ho vore både manusforfattar og instruktør, og stått for dei stemningsfulle kulissane både inne og ute. Det same har ho gjort i påskespelet Jaba Daba. Mange kjenner henne også som tidlegare ansvarleg for Waldehuset, det einaste huset i den delen av byen som blei spart for flammane under bybrannen i Ålesund i 1904.

Fausa er medeigar av Atelier 2020 i Spjelkavik sentrum. Dette er eit kunstfellesskap som ho deler med to andre kunstnarar, og der dei også har eit galleri som er ope for publikum.

Om bakgrunnen for utstillinga ved Ålesund bibliotek fortel ho: «Eg valte å kalle utstillinga «Å være barfot» fordi tydninga her kan vere uendeleg. Desse bekymringslause augeblikka fulle av forventning og glede, draumar og håp. Som biletkunstnar ønskjer eg at du går saman med meg inn i motivet, og blir der ei stund.» 

Kom innom biblioteket og få glede av kunstverka til Mette Elisabeth Fausa i biblioteket si opningstid frå 2. juni til midten av juli. 

Velkomen!