Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Aktivitetar i stengeperioden til Ålesund bibliotek

I den perioden Ålesund bibliotek er stengt, vil vi likevel gjennomføre dei faste arrangementa for barn og vaksne. Desse vil finne stad i dei tidlegare lokala til Sydvesten, i første etasje på Rådhuset. Vi vil også ha nokre andre aktivitetar for barn og unge i stengeperioden. 

Ålesund bibliotek har ei rekkje faste arrangement både for barn og vaksne, som vi ønskjer å kunne tilby sjølv om biblioteket er stengt. Derfor har vi fått låne dei tidlegare lokala til Sydvesten, som ligg i det søraustlege hjørnet av høgblokka (Rådhuset.) Det er inngang frå Rådhusplassen (Joachim H. Rønnebergs plass).  

Vi ønskjer også å kunne oppretthalde eit tilbod til barn og unge. Derfor vil vi også ha aktivitetar enkelte ettermiddagar, samt nokre laurdagar. De fleste av desse aktivitetane finn også stad i Sydvesten-lokala. Lenger nede kan du sjå ein oversikt over kva for arrangement og aktivitetar som vert gjennomførte i veke 15.

Avislesarane våre vil kunne lese aviser på Innbyggartorget, i første etasje på Rådhuset.

Arrangement og aktivitetar for barn veke 15

Måndag 7. april 

Kl. 15.00 - 18.00: Skating eller rulling i Rullehallen

Tysdag 8. april

Kl. 11.00 - 12.00: Les Vegas, baby!

Kl. 14.30 - 17.00: Leksehjelp for barn

Onsdag 9. april

Kl. 11.00 - 12.00: Bokkino

Kl. 15.00 - 17.00: Planteverkstad 

Torsdag 10. april

Kl. 15.00 - 18.00: Kreativ verkstad

Fredag 11. april

Kl. 14.00 - 16.00: Kreativ verkstad

Arrangement og aktivitetar for vaksne veke 15

Måndag 7. april

Kl. 14.30 - 17.00: Leksehjelp for vaksne

Tysdag 8. april

Kl. 13.00 - 15.00: Fole kjekt å vere sosial og digital

Onsdag 9. april

Kl. 12.00 - 14.00: Strikkekafe

Kl. 18.00 - 18.30: Høgtlesing (for vaksne)