
22. – 26. juli inviterer Ålesund bibliotek barn og unge til ei veke full av moro, kreativitet og gode opplevingar – heilt gratis og utan påmelding!
Dette er første veka av skuleferien, og mange foreldre er framleis på jobb. Difor har vi laga eit gøy og meiningsfylt tilbod som ein berre kan stikke innom. Aktivitetane passar best for barn i alderen 9 – 13 år, men alle er velkomne. Onsdagen inviterer vi spesielt dei over 13 til “Trygg i vatn” med Redningsselskapet.
Programmet er laga av vår skulebibliotekkoordinator i samarbeid med Røde Kors Ålesund, Redningsselskapet Møre og Romsdal, Fellesverket Dragen og andre frivillige.
Tusen takk til Kirkens Bymisjon/Skattkammeret for lån av uteleiker og popcornmaskin!
Måndag: Opningsdag. Velkomen til første dag av Sjø og sommar på Kulturhavna! Vi startar veka med kjekke aktivitetar for barn og unge kl. 12 – 15. Det vert høgtlesing, kreative aktivitetar, leik og ope frøbibliotek. Røde Kors grillar gratis pølser. Ta med ein ven og kom innom!
Tysdag: Kjekt utefellesskap. Ny dag, nye opplevingar på Kulturhavna! Vi fortset med høgtlesing, teikning, leik og buttonsverkstad. Perfekt for ein kreativ og sosial feriedag. Røde Kors er tilbake og serverer gratis pølser også i dag! Velkomen innom mellom kl. 12 – 15.
Onsdag: "Trygg i vatn" (13+). Midtvegs i veka inviterer vi til ein spanande dag på Kulturhavna! Som vanleg vert det aktivitetar, lesing og leik for alle. I tillegg arrangerer Redningsselskapet "Trygg i vatn" for ungdom (13+). NB! Berre for dei over 13 på grunn av utstyr. Kom og lær og ha det kjekt!
Torsdag: Fiskeglede ved kaia. I dag vert det ekstra liv langs sjøkanten! Du kan vere med på alle dei faste aktivitetane våre, og Fellesverket tar med fiskestenger og inviterer til fisking frå kaia. Kanskje du halar i land dagens fangst? Velkomen kl. 12 – 15.
Fredag: Sommaravslutning. Siste dag av aktivitetsveka. Bli med og avslutt med oss! Vi fyller dagen med gode sommaraktiviteter, lesing, leik og kreativ moro. Fellesverket er tilbake med fiskestenger, og du får ein ny sjanse til å prøve fiskelukka. Ta turen innom og rund av veka saman med oss!
Last ned program her: 2026_Sjø og sommer_plakat.pdf (PDF, 16 MB)
