Katrine E. Celius, Katrine Solberg, Lia Ciobanu Andresen og Hege Steinsland var med på BRA BY-konferansen og tok imot prisen Årets Bypatriot 2024 på vegner av Ålesund bibliotek.Prisen blei delt ut under BRA BY-konferansen 2024, som ble arrangert av Bypatrioten måndag 25. november. Ifølgje arrangøren har Ålesund bibliotek utmerka seg som ein sentral møteplass for folk i alle aldrar. Trine Klemetsen, som presenterte prisen, uttrykte det slik: – Dei er svaret på openheit, mot, tilgjengelegheit og inkludering. Det vi andre berre snakkar om, gjer dei kvar einaste dag.
Eit bibliotek med hjarte for lokalsamfunnet
Ålesund bibliotek har vist ei djup forståing for sitt samfunnsansvar. Frå å kjenne fornamna til barna som er på biblioteket, til å arrangere opne føredrag som skaper engasjement og debatt, har biblioteket vist at dei skjønar viktigheita av læring og dialog frå ulike perspektiv. Klemetsen roste biblioteket for deira innsats: – Dei veit at vi treng å lære meir og høyre meir, og det frå ulike ståstadar.
Takk til alle som bidreg
Denne prisen er ei anerkjenning av det harde arbeidet og dedikasjonen til alle ansatte, frivillege og samarbeidspartnarar ved Ålesund bibliotek. Vi ønskjer å takke alle besøkande som gjer biblioteket til ein levende og dynamisk møteplass. Utan dykkar støtte og engasjement hadde ikkje dette vore mogleg.
Vi ser fram til å halde fram vårt arbeid med å skape eit inkluderande og inspirerande miljø for alle i Ålesund. Tusen takk for denne fantastiske anerkjenninga!
Årets Bypatriot-prisen 2024.