Ålesund bibliotek har lagt til i Kulturhavna!Ålesund bibliotek har fått eit eige mikrohus i Kulturhavna. Huset vert ope kvar onsdag frå kl. 12.00 til 18.00 med byttebibliotek, frøbibliotek og planteverkstad. Bibliotek-mikrohuset vert óg ope når det er andre arrangement i Kulturhavna.Ålesund bibliotek er så heldige å ha fått hjelp av dyktige og kreative elevar frå Borgund vidaregåande skule til å innreie og dekorere mikrohuset. Boktreet dei har laga er verd eit besøk i seg sjølv! Under opninga onsdag 7. mai var det ein av elevane frå Borgund som fekk æra av å klippe over snora til mikrohuset, saman med ein ung, men habil sakseførar frå Klipra barnehage. Det vart servert grilla pølser til dei frammøtte, og barna fekk høve til å så sine eigne frø.Kva er Kulturhavna?Kulturhavna ligg på sørsida av Ålesund by, ved Nedre Strandgate/Keiser Wilhelms gate. Det er ein mellombels stad å leike, oppdage, slappe av og meine, som vert forma etter kvart som han vert brukt. Kulturhavna er eit samarbeidsprosjekt med ei rekkje bidragsytarar frå både privat og offentleg sektor. Formelt er det Sørsida Utvikling som eig området saman med Ålesund kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune.Bytt bøker, frø og stiklingar i mikrohusetI mikrohuset til Ålesund bibliotek har vi eit byttebibliotek med bøker for både barn, ungdom og vaksne. Ta med deg ei gratis bok, sett ho tilbake når du har lest ho - eller kom tilbake med ei heilt anna bok!Frøbiblioteket vårt har også fått ein avleggar i Kulturhavna. Det fungerer slik: ta med deg nokre frø og dyrk heime. Til hausten kan du prøve å hauste frø frå plantane dine og ta med tilbake til frøbiblioteket. Eller kom innom med andre frø som du har til overs. Vi har også stiklingbytte, som fungerer på same vis. Kvar onsdag har vi planteverkstad, der store og små kan få hjelp til å så eit frø, ta det med heim og sjå det spire.Velkomen til Ålesund bibliotek i Kulturhavna! Sist endra 19.05.2025 13.30