Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Ålesund bibliotek stengt i perioden 8. mai - 21. mai

Foto av plantegning, skrumaskin og skruar på eit bord. - Klikk for stort bilete


På grunn av ombygging blir Ålesund bibliotek stengt i to veker i mai. Du kan likevel levere bøkene dine i innleveringskassa utanfor biblioteket. Bestilte bøker blir lånt ut til deg og sett på ei hentehylle i same gangen. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Ålesund bibliotek har nyleg opna ei nyoppussa og flott barneavdeling. No står resten av lokalet for tur. Det skal gjerast ein del store endringar i skrankeområdet til biblioteket, og det blir oppussing av overflater og flytting av hyller og bøker i vaksenavdelinga. Skranken skal demonterast, veggar skal rivast og kjøken skal settast opp. I det heile vil dette arbeidet vil bli såpass omfattande at vi ser oss nøydde til å halde stengt i to veker, når det mest intensive arbeidet skal skje. 

De som har bøker som forfell i denne perioden, kan levere i innleveringskassa utanfor biblioteket. De kan også levere ved eit av dei andre biblioteka våre, til dømes Moa bibliotek. 

Bøker som er bestilt frå andre bibliotek, vil bli lånt ut til deg og pakka i posar med namn og dato på. Posane kan de så hente frå ei hentehylle i gangen utanfor biblioteket. Dette gjeld også for våre eigne bøker som blir reserverte i denne perioden, men vi ber likevel om at dei som har moglegheit til å hente bøkene ved Moa bibliotek, gjer det. Då vel de Moa bibliotek som henteavdeling når de reserverer bøkene. 

Dersom de har førespurnader til biblioteket, ber vi dykk om å ta kontakt med Moa bibliotek eller eit av dei andre biblioteka i kommunen. Her finn de kontaktinformasjon til alle biblioteka

Vi seier oss leie for at vi er nøydde til å halde stengt i desse to vekene, men har trua på at det vil vere verdt det når vi kan opne opp igjen eit fint og nyoppussa bibliotek, med enda fleire tenester for lånarane våre.