Ålesund litteraturfestival 2025 finn stad frå torsdag 23. til laurdag 25. januar. Den tredje festivalen i rekkja har som tidlegare eit program med stor bredde, og med tilbod retta mot alle aldersgrupper. I år er “Barndom” eit overordna tema, og på programmet står både spennande paneldebattar, inspirerande barneprogram, live podcast og meir. Her får du ein liten smakebit av programmet.
“Sjøfareren”
Erika Fatland.
Agnete Brun
Suksessforfattaren Erika Fatland er tilbake, med boka Sjøfareren, en reise gjennom Portugals tapte imperium. I denne tek ho føre seg det portugisiske imperiet, frå 1400-tallets oppdagarar, via koloniveldets fall i 1970-åra og fram til i dag. Det er ei historisk reiseskildring med uforgløymelege menneskemøte, lagnadar og utrulege historier. Boka har fått strålande kritikkar, og Fatland fekk også Bokhandlarprisen 2024 for den. No kjem ho til litteraturfestivalen for å snakke om boka og historiene bak.
“Slemme jenter”
"Slemme jenter". Vigdis Hjorth og Monica Goksøyr.
Lina Hindrum og Oda Berby
Fjorårsdebutanten Monica Goksøyr kjem for å snakke med rutinerte Vigdis Hjorth om jenter, kvinner, oppvekst og relasjonar, i litteraturen og i livet. Slemme jenter er både tittelen på arrangementet og tittelen på Goksøyr si novellesamling som altså kom ut i 2024.
Frode Grytten og Frode Grytten Beat Band
Frode Grytten Beat Band.Frode Grytten kjem for å snakke om den siste boka si, Den dagen Nils Vik døde, i samtale med Bjørn Vatne. Dette er ein roman om ein mann som berre har elska éi kvinne, som elskar ho framleis, og som no legg ut på si siste reise. Grytten fekk Brageprisen 2023 og Bibliotekenes litteraturpris 2024 for romanen. Frode Grytten er ikkje berre forfattar, men opptrer også med sitt eige band, Frode Grytten Beat Band. Gjennom det siste tiåret har dei lyst opp den norske beatpoesihimmelen med nytolkingar av låtar frå artistar som Bruce Springsteen, Tom Waits m.fl. Bandet er omtalt som ein poetisk og musikalsk eksplosjon på scena. Frode Grytten Beat Band står for finalen under årets litteraturfestival på lørdagskvelden.
Krimtimen
Kaja Gjersem Nygaard og Jørn Lier Horst.Også i år blir det krimkveld, eller krimtime, der Jørn Lier Horst og krimdebutanten Kaja Gjersem Nygaard møtast til samtale med journalist Elisabeth Solvang. Her vil dei dele sine tankar om korleis eigen oppvekst har prega historiene dei fortel, og korleis krimlitteraturen utviklar seg for å engasjere yngre lesarar. Bli med på ein spanande samtale om korleis fortid og framtid møtast i kriminallitteraturen!
Barnas litteraturfestival
Litteraturfestivalen byr sjølvsagt på ei rekkje arrangement for barn og unge også. Forfattar Anna Fiske kjem til Moa bibliotek, der ho snur barndomstematikken på hovudet og snakkar til barna om korleis det er å vere vaksen. Til Moa kjem også Jørn Lier Horst for å snakke om den populære serien Detektivbyrå nr. 2.
Den energiske duoen Victor Sotberg og Odin Helgheim kjem til Ålesund bibliotek for å snakke om kjempesuksessen Edelmot, ein teikneserie basert på ei virtuell verd der ein kan leve akkurat som ein vil. Og på Løvenvold teater kan du treffe Terje Sporsem og Beatur, som gir smakebitar frå Alexander Istad si bok om gjengen på Aspøy skole i Ålesund, Gutta krutt.
Joakim Kleven og Maria Kleppe Vihovde
Billettar
Nytt av året er at ein no må ha billettar til arrangementa. Dei aller fleste arrangementa er framleis gratis, men du må hente ein gratisbillett på nettet. Nokre av dei større arrangementa kostar 100 kr. Både gratisbillettane og kjøpebillettane finn du lenke til på nettsida til litteraturfestivalen. Her finn du også meir informasjon og fullstendig program.
Ålesund litteraturfestival