Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nye opningstider ved Ålesund bibliotek

Vi har starta med meirope bibliotek. I samband med dette er dei bemanna opningstidene noko reduserte. 
Dei nye opningstidene kan du sjå her. 
Du kan lese meir om meirope og korleis du får tilgang her. 

Ålesund litteraturfestival 2026

Endeleg er det januar og litteraturfestival igjen! Ålesund litteraturfestival blir arrangert for fjerde gong 22. - 24. januar.  Vi startar det nye året med ei storslegen feiring av leselyst, bøker og forfattarar! I år som i fjor er det eit variert og spanande program for både barn og vaksne. 

Les meir om programmet her: Program 2026 — Ålesund Litteraturfestival

Alle arrangementa for barn og ungdom skjer i Ålesund og Moa bibliotek, og er gratis og utan billettreservering. 

 

Arrangementet med Åsne Seierstad i Ørskog kulthus fredag 23.01 klokka 12.00 er også gratis og utan billettreservering.

Dei fleste andre programpostane har billett med ein lav billettpris. Lenke til å kjøpe billett finn du på festivalen si heimeside, under kvar enkelt programpost: Ålesund Litteraturfestival 2026.

Nokre programpostar har gratisbillettar som må reserverast på førehand. Lenke til å reservere gratisbillett finn du også i programposten på nettsida til festivalen.

 

Velkomen til festival!