Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund pride 2026

Ålesund Pride går av stabelen 25. – 31. mai. Det er ei feiring av mangfald, kjærleik og fellesskap, med Ålesund sentrumsforening som arrangør. Ålesundsbiblioteka deltek på Pride-feiringa med fleire arrangement: workshop om skeive i arbeidslivet, prideverkstad og skeiv quiz.

unge mennesker i pride parade med regnbueflagg og plakat med teksten love wins - Klikk for stort bilete

Workshop: Ein god arbeidsplass for skeive?


Tid: Tysdag 26. mai 18.00
Stad: Ålesund bibliotek


Korleis har skeive det på jobb? Kva er homofobi og transfobi, og korleis kan det sjå ut i ein jobbkvardag? Og korleis skaper ein eit godt arbeidsmiljø for alle, uavhengig av kjønn og seksualitet?


I denne workshopen får du lære både om kva rettigheiter ein har som skeiv på jobb, kva ein kan gjere dersom ein sjølv eller ein kollega opplever homofobi eller transfobi på jobb, og korleis ein kan jobbe for tiltak som skapar eit godt arbeidsmiljø for alle. Det vil bli tilrettelagt for gruppesamtalar og dialog.


Workshophaldarar er Lene Hopland Bergset, HR-sjef i Amnesty International Norge, og Viljar Eidsvik, seniorrådgjevar ved Likestillingssenteret på Vestlandet.
Workshopen er gratis og ope for alle.


Prideverkstad med Amnesty


Tid: Torsdag 28. mai 17.30
Stad: Moa bibliotek


Amnesty International Norge (Region Midt) inviterer til ein kreativ og engasjerande kveld under Ålesund Pride.
Vi startar kvelden med ei innføring i kvifor Pride stadig er viktig både her i Noreg og globalt. Du vil lære om:

• Tilbakegangen for skeive sine rettar fleire stader i verda
• Korleis skeive i Tyrkia og Ungarn møter aukande undertrykking
• Flaggdebatten i Noreg
• Korleis kan vi saman gjere en forskjell?


Etter innføringa opnar vi plakat- og perleverkstaden! Her kan du lage dine eigne plakatar til Pride-paraden, og perle ditt eige pridearmband. Vi stiller med alt av materiell og litt snacks.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Ta med ein ven og bli med!


Skeiv quiz og bok-kahoot


Tid: Fredag 29. mai 20.30
Stad: Dampsentralen (Pir-bygget)

Ålesund bibliotek har kika i bokhyllene og funne fram det skeivaste vi har! Bli med på quizkveld på Dampsentralen med litteratur, film, seriar og Pride-verdig musikk.

Quiz:
- Startar kl. 20:30
- Film, serier og litteratur innan LGBTQI+
- Vinn billettar til Bybadet (vaksen/student)
Kahoot:
- Skeive forfattarar, litterære klassikarar og nye favorittar
- Vinn gøye og frekke premiar frå Vinbua (topp 3)

Aldersgrense: 18+
Kom med lag eller bli med på eitt undervegs. Maks 6 personar per lag.
Gratis inngong!

Ålesund Pride 2026.  DAMPSENTRALEN    FREDAG 29.5   KL. 20:30. SKEIV QUIZ & bokkahoot.  Test kunnskapen din om skeiv litteratur & film/seriar.  Vinn billettar til Bybadet og premiar sponsa av Vinbua.  Gratis inngong. - Klikk for stort bilete