Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Ålesundsbiblioteka og plasten i havet

Foto av Ina Giske som sitter i en lenestol men en animert grønn flodhest på fanget. - Klikk for stort bilete

Ålesundsbiblioteka set fokus på miljøet i havet gjennom arrangement med Ina Giske. Ho kjem til biblioteka med eventyrstund om "Sjøhesten Hippo og plasten i havet". 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Utover seinhausten kjem barnebokforfattaren Ina Giske frå Godøy til biblioteka våre og held eventyrstund med utgangspunkt i boka "Sjøhesten Hippo og plasten i havet". Etter eventyrstunda får alle deltakarane Hippo-fiskeburgarar!

Ålesundsbiblioteka ynskjer med desse arrangementa å rette fokus mot miljøet i havet, og korleis ein kan ivareta det. Vi har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune til prosjektet, og arrangementa blir gjennomførte i samarbeid med Haram frivilligsentral, Sunnmøre Friluftsråd og Plastpiratene frå Lepsøy.

Longva bibliotek er først ut, dit kjem Ina Giske torsdag 3. november. Tid og stad for dei andre arrangementa finn du i kalenderen vår.