Møre og Romsdal fylkeskommune har ein ambisjon om å gjere fylket til berekraftfylke nummer éin i Noreg. I arbeidet med å få til dette, spelar biblioteka ei viktig rolle. Folkebiblioteka ligg i skjæringspunktet mellom kultur, utdanning, folkehelse og sosialt arbeid, og dette gir eit godt utgangspunkt for å jobbe med berekraftsmåla.
Ålesundsbiblioteka har laga opplegget "Barnas frøbibliotek". Gjennom dette opplegget ønskjer biblioteka å sette fokus på kor viktig det er med eit berekraftig samfunn, no og for framtida. Opplegget er tredelt, og ein sentral del av det er samarbeidet som biblioteka har gått inn i med ti av barnehagane i kommunen. Det blir arrangert frøkurs for barnehagane og biblioteket bidreg med utstyrssekkar som barnehagane får låne med seg. I tillegg blir det laga til frøbibliotekkrokar på kvart av biblioteka, der både barna og andre kan sjå kor det spirar og gror.
Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalbiblioteket.
Frøkurs
No om våren blir barnahagane inviterte til frøkurs på biblioteka. Det er Malene V. Johnsen frå Sagatun Gaard på Skodje som held kursa, og her får barna lære om forskjellige typar frø, kva som går an å så frø i og korleis vi sår dei. Dei får også høyre om kva frøa og plantane likar, til dømes mold, vatn, møkk og sol, og kvar plantane likar å vere.
Utstyrssekkar
Etter at frøkursa er over, får barnahagane låne med seg utstyrssekkar frå biblioteket. Sekkane inneheld både hageredskap og -utstyr, rettleiingsmateriell og bøker om praktisk hagearbeid og botanikk. Dei får også med seg posar med frø som dei kan så i barnehagen.
Frøbibliotekkrokar
Alle biblioteka i kommunen lagar til eigne krokar med frøbibliotek. Her finn ein både plantar, stiklingar og frø, så vel som bøker og anna informasjon. Her vil også frøa som barna har sådd på biblioteket stå, slik at både barna og andre kan følgje med på korleis det spirar og gror utover våren og sommaren.
Til hausten blir barnehagane inviterte tilbake til biblioteket for å fortelje om korleis frøsåingsprosjektet har gått, og vise fram bilete av såing, spiring og ferdig resultat.