
Slik fungerer det:
• Ta med inntil 10 leiker du vil bytte bort.
• Når du leverer dei inn, får du bongar.
• Bongane kan brukast til å «kjøpe» leiker som andre barn har levert.
• Leikene må vere reine, heile og i god stand
• Den siste halvtimen (kl. 13.30 – 14.00) kan ein velje fritt blant leikene som er igjen utan å levere inn noko sjølv.
Innlevering av leiker:
Leiker kan leverast på Innbyggartorget (1. etasje, Ålesund rådhus) frå og med måndag 4. mai. Viktig å hugse:
• Spør deg sjølv: Ville eg valt denne leika sjølv?
• Sjekk at alle viktige delar er med.
• Fjern klistremerke, vask bort tusj/teikn, og vask bamsar.
• Leiker med mange små delar: legg alt i gjennomsiktig pose.
• Vi tek ikkje imot: babyutstyr, sportsutstyr eller klede.
Gjenbruk er bra!
Leikebyttedag er bra for både miljøet og lommeboka. Det er alltid kjekt med noko nytt – og her får barna «nye» leiker utan å knuse sparegrisen.
Ventar du barn? Det er ofte mange babyleiker igjen mot slutten. Då kan du kome og plukke utan at du treng å levere noko.
Hugs å ta med handlenett!
Tid: Laurdag 9. mai klokka 12.00 - 14.00
Stad: Ålesund bibliotek
Arrangørar: Barnas leikebyttedag er eit samarbeid mellom
Frivilligsentralen, Ålesund bibliotek, Besteforeldrenes klimaaksjon, Hjelpegruppa Ålesund og Redd Barna.