Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Barnas leikebyttedag

I år som i fjor vert det Barnas leikebyttedag ved Ålesund bibliotek. Laurdag 20. april kan du kome til biblioteket og bytte ut leikene som du ikkje brukar lenger. 


Vi gjentar suksessen frå i fjor, og inviterer til ny leikebyttedag på biblioteket. Å byte leiker er bra for både miljøet og lommeboka. Leikene dine kan vere akkurat det nokon andre ønskjer seg. Leikebyttedagen er eit samarbeid mellom Frivillighetssentralen, Besteforeldrenes klimaaksjon, Hjelpegruppa i Ålesund og Ålesund bibliotek.

Slik fungerer det: Ta med deg inntil ti leiker som du har lyst til å byte vekk. Når du leverer dei, får du bongar som du kan bruke til å "betale" for dei leikene du vil ta med heim. Dette er leiker som andre barn har levert inn. Hugs at alt må vere reint og heilt! Mot slutten av dagen kan ein velje fritt frå leikene som er igjen - utan å levere inn noko sjølv.

Vil du levere inn leiker på førehand? Vi tek imot leiker frå onsdag 17. april, så kom gjerne innom. Vi tek ikkje imot bøker, utstyr til baby, sportsutstyr eller klede.  Biblioteket sine opningstider er: 
onsdag kl. 10 - 19
torsdag kl. 10 - 19
fredag kl. 10 - 16

Vi serverer kaffi og litt å bite i, så ta med heile familien! Kanskje de finn ei god bok å låne òg?

Velkomen!