Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Berre bønder lengtar heim

Tysdag 3. mars kjem Are Kalvø til Harøy for å snakke om den siste boka si, “Berre bønder lengtar heim”. Vi kan vente oss ein underhaldande føremiddag med satire og samfunnsanalyse på lågt nivå. Kanskje møter vi også oss sjølve i døra?

Bilete av Are Kalvø som riv opp skjortebrystet sitt. I staden for Supermann-drakt, har han ei Felleskjøpet-tskjorte under.  - Klikk for stort bilete

Er det best å bu i byen eller på landet? Det spørsmålet stiller Are Kalvø seg – og til oss – i boka Berre bønder lengtar heim. Etter å ha budd ein månad i Noregs minste kommune, Utsira (folketal: 217) og deretter ein månad i London (folketal: 8 800 000), samanliknar han to ulike livsformer, med humor, varme observasjonar og djuptloddande refleksjon.

Kalvø er ein av dei fremste komikarane og samfunnsreflektørane i Noreg, kjend for å kombinere latter med innsikt og skråblikk på det norske samfunnet og vi som bur her. På dette arrangementet møter du han i samtale om boka, om skriveprosessen og om korleis han brukar humor til å ta tak i tema mange av oss kan kjenne seg att i. Publikum får reflektere og le saman med forfattaren, og får høve til å stille spørsmål undervegs.

Arrangementet finn stad på Nærmiljøkafeen i Sandøytunet på Harøya tysdag 3. mars kl. 12.00. Det er eit samarbeid mellom Harøy bibliotek, innbyggartorget på Steinshamn og Litteraturhus i Møre og Romsdal. 

Arrangementet er gratis og ope for alle. Sidan det er i lunsjtida, blir det mogleg å kjøpe mat frå kafeen. Vi serverer gratis kaffi.

Ta gjerne turen og bli med på ein spanande og annleis føremiddag!