
I Ålesund bibliotek fekk dei litauiske gjestane mellom anna bli kjente med Les Vegas, Baby! – eit tilbod til born og føresette i alderen 7 – 18 månader. Christian Pettersson, som står bak Les Vegas-samlingane, fortalte at han ønskjer å fremje leseglede og samstundes skape gode relasjonar til dei yngste bibliotekbrukarane. Slik at dei kan ha glede av både bøker og biblioteket livet ut!

Eit besøk på Ålesund fengselsbibliotek sto også på programmet. Her fekk dei besøkande vite litt om korleis fengselsbiblioteket fungerer, og om historia til Ålesund fengsel. Dei tilsette i fengselet kunne fortelje at det sosiale miljøet har betra seg merkbart etter at biblioteket blei meir tilgjengeleg for dei innsette. Det blei og servert lunsj for delegasjonen i «Det tredje stedet», som biblioteket kallast i fengselet.

Seinare fekk gjestane besøke Skodje bibliotek, der bibliotekar Laura Skiriene, som sjølv har litauisk bakgrunn, var ein god guide. På Moa fekk dei sjå korleis det er å drive bibliotek inne i eit kjøpesenter, noko som var nytt for dei fleste av dei. Mellom anna var dei særs imponerte over kor godt meirope-tilbodet fungerer.
Undervegs hadde vi med oss representantar frå fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, som gav dei litauiske bibliotekarane eit innblikk i korleis den norske biblioteksektoren fungerer. Innimellom blei det også tid til samtalar og utveksling av erfaringar og idéar. Biblioteksjef Lia Ciobanu Andresen samanfattar det slik:
 «Samtalene og møta minna oss på noko viktig: Biblioteket i dag er ikkje berre ein stad for bøker – det er ein arena for læring, demokrati og fellesskap. På tvers av landegrenser og språk deler vi eit felles mål: å skape opne og trygge møteplassar der menneske kan utvikle seg, delta og høyre til.»
 Vi takkar for eit hyggeleg og inspirerande besøk!
