Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Bibliobattles

I november arrangerer biblioteka på Sjøholt, Skodje, Harøy og i Brattvåg Minecraft-byggekonkurransen Bibliobattles. Dei beste byggarane vinn gåvekort til laget, samt speldag og konsoll til sitt bibliotek.

Plakat i fargar, med bilete av eit Minecraft-landskap med fire figurar i framgrunnen. - Klikk for stort bilete

Bibliobattles er ein nasjonal, lavterskel online byggekonkurranse i Minecraft der barn og unge blir inviterte til å representere sitt bibliotek i ein venleg konkurranse om å finne biblioteket med dei flinkaste spillarane. Lånarar frå biblioteka på Sjøholt, Skodje, Harøy og i Brattvåg kan delta på Bibliobattles 6. - 10. november. 

I den nasjonale bibliotekstrategien er det eit mål å styrke bibliotekas formidling av samlingane, med sikte på å nå nye brukarar. Det er opp til biblioteka sjølv å utforme gode formidlingsprosjekt – blant anna for formidling av dataspel. Bibliobattles er del av denne formidlinga.

Meir om Bibliobattles

  • Alle under 18 år kan delta på turneringa
  • Spel heimefrå mellom 17:00 og 21:00 kvar dag mellom 6. og 10. november
  • Det kan spelast med lag på inntil 4 spelarar
  • Det kjempast om å bli den beste Minecraft-byggaren! Bygg noko innafor spel, film- eller litteraturverdenen og bli best i ditt fylke eller nasjonalt!
  • Vinn gåvekort på 1000 kroner til kvar på laget, og ein speledag + valgfri konsoll til ditt lokale bibliotek!
  • Det blir direktesendingar der vi går gjennom byggverk kvar turneringsda
  • Få med deg finalestreamen søndag 12. november, der vi annonserer vinnarane frå kvart fylke, samt den nasjonale vinnaren!

 

Sjå meir om korleis Bibliobattles fungerer og korleis du deltek: Bibliobattles