Markus Håland
Høgtlesing
Høgtlesing er ganske enkelt lytting. Vi les ein tekst høgt, og du lyttar. Imens kan du strikke eller teikne, eller berre lene deg tilbake og slappe av. Tema for våren 2025 er Dei store klassikarane. Høgtlesing i vaksenavdelinga varer om lag ein halvtime.
Samlesing
Samlesing er både høgtlesing og samtale. Metoden vert også kalla Shared Reading, Les i lag eller Open lesesirkel. Alle får utdelt teksten som vert lest høgt av ein leseleiar, og kan følgje med på den sjølv. Samtalen rundt bordet etterpå dreier seg om teksten og deltakarane si spontane oppleving av den. Det er frivilleg om ein vil snakke eller berre lytte. Samlesing varer om lag 1,5 timar.
Ope for alle
Både samlesing- og høgtlesingsarrangementa er opne for alle som er gamle nok til å lese vaksenbøker. Det er gratis å vere med, og det krevst inga førebuing. Merk at alle lesearrangementa er skjermfrie. Mobilen får kvile mens vi les.
Velkommen!
Lesearrangement våren 2025
Mars:
Skodje bibliotek tysdag 18. mars kl. 17.00: Høgtlesing
Moa bibliotek onsdag 19. mars kl. 13.00: Samlesing
Ålesund bibliotek tysdag 25. mars kl. 13.00: Samlesing
Ålesund bibliotek onsdag 26. mars kl. 18.00: Høgtlesing
Sjøholt bibliotek torsdag 27. mars kl. 12.00: Samlesing
April:
Moa bibliotek måndag 31. mars kl. 17.00: Høgtlesing
Skodje bibliotek tysdag 15. april kl. 17.00: Høgtlesing
Moa bibliotek onsdag 23. april kl. 13.00: Samlesing
Moa bibliotek måndag 28. april kl. 17.00: Høgtlesing
Ålesund bibliotek tysdag 29. april kl. 13.00: Samlesing
Ålesund bibliotek onsdag 30. april kl. 18.00: Høgtlesing
Mai:
Skodje bibliotek tysdag 13. mai kl. 17.00: Høgtlesing
Moa bibliotek onsdag 21. mai kl. 13.00: Samlesing
Sjøholt bibliotek torsdag 22. mai kl. 12.00: Samlesing
Moa bibliotek måndag 26. mai kl. 17.00: Høgtlesing
Ålesund bibliotek tysdag 27. mai kl. 13.00: Samlesing
Ålesund bibliotek onsdag 28. mai kl. 18.00: Høgtlesing