Bokbad med Birgit SkarsteinBirgit Skarstein besøker Ålesund bibliotek måndag 16. mars og fortel si historie, om vegen frå ei livsendrande ulukke til paralympisk gull. Det blir ein kveld om mot, vilje og siger over utfordringar. Velkomen til bokbad med Birgit Skarstein på Ålesund bibliotek, der ho deler frå si inspirerande livshistorie i samtale med Christian Semb.Som 19-åring lukka ho auga før ein rutineoperasjon og vakna opp utan å kunne bevege beina. I sjølbiografien «Så mye hadde jeg. Så mye mistet jeg. Så mye fant jeg» fortel ho om oppveksten i Levanger, om sjukehustabba som lamma ho frå livet og ned, og om vegen vidare mot paralympisk gull, VM-titlar og «Skal vi danse».Bak det kjende smilet finst kvardagar prega av hardt arbeid, smerter og nedlatande klapp på hovudet. Kontrasten mellom lagkameratskap og nasjonalsong på pallen og det å bli systematisk nedprioritert viser korleis annleisheit blir møtt, både i idretten og i samfunnet.Måndag 16. mars klokka 18.00 møter vi Birgit i samtale om motgang og motstandskraft, og om viljen til å gjere det beste ut av det du har.Arrangementet er gratis og ope for alle.Det blir også boksal med signering etter arrangementet. Sist endra 10.03.2026 15.19