Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Bøkene nokon ønskjer at du ikkje skal lese

Vi markerer Forbodne bøker-veka i Ålesundsbiblioteka. Litteratur vert bannlyst og undertrykt sjølv i dag, og sjølv i demokratiske land som liknar vårt eige. Forbodne bøker-veka vert difor markert i mange land. Då set vi fokus på sensur, ytringsfridom og demokrati, og feirar fridomen til å lese det ein vil.  Ikkje minst oppmodar vi alle til å lese ei forboden bok!

Foto i fargar av fleire bøker som ligg på ein benk. Alle bøkene er eller har vore forbodne. - Klikk for stort bilete

Forbodne bøker-veka vart i Noreg arrangert første gang i oktober 2024, og over 250 bibliotek, bokhandlarare, organisasjonar og institusjonar deltok med utstillingar, arrangement og andre aktivitetar. Forbodne bøker-veka skal vere med på å auke merksemda rundt ytringsfridom og demokrati, og vere ramme for samtalar og debatt om dette. Veka er med på å styrke beredskapen mot ulike former for sensur, og er ei feiring av lesefridom.

“Ei forboden bok er oftast ei god bok”

Banned Books Week har vore arrangert i USA sidan 1982, og starta som ein reaksjon på aukande utfordringar rundt sensur av bøker. I dag er dette ein stor internasjonal koalisjon av ytringsfridomsorganisasjonar, bibliotek, forlag og bokhandlarar. Her i Norge vert veka koordinert av Universitetsbiblioteket i Oslo, i samarbeid med Norsk PEN, Norsk bibliotekforening og fylkesbiblioteka, og med støtte fra UiO:Demokrati og Fritt Ord.

Bilete av ei utstillingshylle med fleire forbodne bøker i barneavdeling ved Ålesund bibliotek. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete

Ved Ålesundsbiblioteka markerer vi Forbodne bøker-veka med utstillingar av bøker som har vore forbodne, både vaksenbøker og barnebøker. Torsdag 9. oktober vert det også eit arrangement ved Ålesund bibliotek, der to av våre bibliotektilsette presenterer kvar si bok: Tropic of Cancer av Henry Miller (1934), og Märit av Ing-Marie Eriksson (1965).

Ved biblioteka får du sjølvsagt også høve til å låne med deg eller bla i fleire av desse forbodne bøkene. Du kan sjå nokre av dei under. Om du klikkar på tittelen, kjem du til katalgoposten i Bibliofil, der du kan reservere boka om du vil.

Forbodne bøker for vaksne

Fahrenheit 451

av Ray Bradbury (1953)

Denne dystopiske framtidsromanen, som ironisk nok tematiserar nettopp sensur og autoritær kontroll, vorte sensuret og bannlyst fleire gonger, sjølv av forlaget den vart utgjeven på. Tittelen viser til temperaturen der papir sjølvantenner.  Romanen skisserer ei framtid det bøker og lesing er forbode.   

Persepolis

av Marjane Satrapi (2000)

Dette er ein sjølvbiografisk teikneserieroman, som handlar om Satrapi sin oppvekst i Iran og Austerrike under og etter den iranske revolusjonen i 1979. Boka er bannlyst i Iran, og sensurert og fjerna frå bibliotek i mellom anna USA. Den er angripen for både å vere islamofobisk og islamvenleg, og den er skulda for å vere pornografisk og vise fram tortur.  

Slaktehus-5

av Kurt Vonnegut (1969)

Kurt Vonnegut sin delvis sjølvbiografiske antikrigsroman om Billy Pilgrim er både det mest kjende av verka hans, og det som flest gonger har vorte utsett for sensurforsøk. Desse er ofte basert på skuldingar om vulgært språk, vald, upassande innhald, umoral og "upatriotisk framstilling av krig". 

Alle andre

av Sally Rooney (2018)

Sally Rooney sin bestseljar frå 2018, om ei jente og ein gut frå ulik sosial bakgrunn som vert vener og kjæraster. Denne boka har vorte fjerna frå israelske bokhandlarar fordi Rooney, til støtte for Palestina, ikkje vil at bøkene skal omsetjast til hebraisk.

Det store grønne teltet

av Ljudmila Ulitskaja (2011)

Dette er ein roman om Sovjetunionens siste 30 år og om dissidentane, gruppa av samfunnskritiske kunstnarar og intellektuelle som ble haldne nede av KGB med alle middel. Russiske Ulitskaja, rekna som eit av dei største namna i russiskspråkleg litteratur, sa i 2024 at ho vil donere inntektene frå bøkene til Ukraina. Då vart dei fjerna frå russiske bibliotek og bokhandlar. 

Tjenerinnens beretning

av Margaret Atwood (1985)

Margaret Atwoods satiriske roman om kvinneundertrykking, religiøs fanatisme og begjær, er det kanskje mest kjente verket hennar. Den er utggjeven i mange utgåver og har vorte filmatisert fleire gonger. Boka vart brent i USA på grunn av dens kritikk av abortforbod og religiøs fundamentalisme. Atwood svarte med å lage ei utgåve i aluminium.