Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek er stengt laurdag 27. juli.

Det du (ikke) ser

Tekstilkunstnaren Karina Tene stiller ut verka sine ved Kunstveggen på Ålesund bibliotek i mai. Ho har kalt utstillinga for “Det du (ikke) ser”. 

Bilete av Karina Tene med tekstilkunst. - Klikk for stort bilete


Karina Tene er ein nyetablert kunstnar, og hennar kunstnariske praksis er tekstilbasert. Ho utforskar moglegheitene for transformasjon av materialet gjennom ulike teknikkar, og eksperimenterer med den skulpturelle kapasiteten til materialet.

Tene fortel at kvart materiale ho nyttar i kunsten sin er knytt til ei oppleving, ei kjensle, eit minne, ei historie, ein tanke eller eit spørsmål. Gjennom kunsten utforskar ho tema som migrasjon, identitet og kulturell integrasjon.

Utstillinga «Det du (ikke) ser» er ein refleksjon over mennesket si skjørheit og sårbarheit. Den reflekterer over dei kjenslene vi ikkje viser så lett, og dei detaljane vi eigentleg ikkje ser før vi byrjar å legge merke til dei.

Du kan sjå utstillinga i biblioteket si opningstid frå fredag 3. mai.