Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Digital Dreams – Algorithmic explorations

I februar er det ny kunstutstilling på galleriet ved Ålesund bibliotek. Denne gongen er det Manuela Hofer som viser fram sine bilete, som er laga ved hjelp av kunstig intelligens.  

Foto av eit av bileta til Manuela Hofer. - Klikk for stort bilete Manuela Hofer
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Fotointeressa har Manuela Hofer hatt frå ho var ganske lita, og allereie på starten av 90-talet byrja ho å eksperimentere med digitale effektar i  Photoshop og liknande program. Ho er for det meste sjølvlært, men har teke fleire fotokurs, vore innom LIPA (Liverpool Institute for Performing Arts) og Robert Meyer Kunsthøgskole. Ho gjekk også på Ålesund kunstfagskole i 2004. I 2020 blei ho invitert til å vere med i «The Corona Cronicles», eit digitalt «showroom» med bilete arrangert av fotograf Per Heimly.

Sida 2020 har hovudinteressa vore Artificial Intellligence (AI) fotokunst, og det er det vi skal få betre kjennskap til i utstillinga ho skal ha på biblioteket. Her brukar ho ei rekkje digitale verktøy og teknikkar for å lage kunst, og ho er spesielt interessert i korleis teknologi kan brukast til å skape opplevingar. AI kunst er altså å lage kunst ved hjelp av eit dataprogram, frå tekst til bilete. Ho matar dataprogrammet med idear som igjen skapar eit kunstverk. 

Om kunsten sin fortel ho: «Skjeringspunktet mellom kunst og teknologi utfordrar våre tradisjonelle oppfatningar og førestillingar av kunst og kreativitet. AI gir unike moglegheiter, og på sett og vis kan det samanliknast med koding eller programmering, for det er eit eige språk som ein brukar under generering av AI-bilete. Det er ein kunstnarisk prosess, både i høve til teksten og det å perfeksjonere og vidareutvikle det AI genererer.

Når eg byrja å jobbe med AI, etter å ha jobba fleire år med tradisjonell fotokunst, opna det seg ei heilt ny verd for meg. Her er det kun fantasien som set grenser for kva ein kan skape, og eg fekk eit heilt nytt verktøy eg kunne bruke til å manifestere mine idear og visjonar.  

Bilete som er laga med kunstig intelligens blir stadige betre, og i framtida må vi på same måte som med Photoshop og liknande program, vurdere om eit bilete er behandla eller til og med har vorte laga av kunstig intelligens. Uansett er det kreativiteten din som ligg til grunn, og den kan ikkje erstattast av kunstig intelligens. Eg gjorde ein podcast med fotografiprofessor Robert Meyer, og han seier seg einig. AI er eit fantastisk verktøy for fantasien, men på same måte som at vi har forskjellige teknikkar som litografi, cyanotopi, grafikk, akryl, analogt foto og andre, er det berre eit av mange verktøy på vegen for å realisere kunstnaren sin visjon».

Utstillinga Digital Dreams – Algorithmic explorations kan du sjå i biblioteket si opningstid i heile februar.

Velkomen!