Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Direktestrøyming frå Litteraturhuset i Oslo

Onsdag 26. november klokka 19.00 er Per Petterson gjest i Litteraturhuset i Oslo. Det kan du også få med deg ved å møte opp på Sjøholt bibliotek, der vi strøymer arrangementet direkte.

Portrettfoto av Per Petterson. Tekst: Per Petterson direkte fra Litteraturhuset. - Klikk for stort bilete

Dette er første gong vi strøymer eit arrangement direkte frå Litteraturhuset til eit av Ålesundsbiblioteka, og det er Sjøholt bibliotek som er først ute.

Per Petterson er ein av våre mest kritikarroste og prislønte forfattarar. På Litteraturhuset møter han journalist og forfattar Karin Haugen til samtale om skriving og mannleg einsemd, eksistensiell fortviling og om forsøket på å leve sannferdig.

Er det mogleg å gjere opp for ein urett gjort for lenge sida? Og i så fall: Kven gjer ein det for – den andre, eller seg sjølv?

Per Petterson kan som ingen annan skildre mannleg einsemd, skuldkjensle og sjølvrefleksjon. I romanen Du er hjemme nå gjer han det igjen. Med den presise, kresne språkføringa som har gjort han til ein av våre mest anerkjende forfattarar, fortel han historia om familiefaren Kasper som reflekterer over fortida og ein umogleg kjærleikshistorie.

Forside på romanen Du er hjemme nå av Per Petterson - Klikk for stort bilete

For to-tre tiår sidan budde Kasper med kona Inger og to barn i det han i ettertid ser på som eit mellomrom i tid og geografi. Kvardagen består av barnehageleveringar, skiftarbeid og lange nattlege bussturar. I dette mellomrommet utspeler det seg ei umogleg forelsking, i venen Signe. I ettertid tenker han at han kunne gjort ting annleis den gongen, men kvifor skulle det ikkje være mogleg - å romme så myke kjærleik? Til meir enn berre ein?

Du er hjemme nå er Pettersons første roman på sju år, skrive fram med hans særmerkte språklege nerve og driv. Ikkje eitt ord er tilfeldig i bøkene til eit av Noregs mest kritikarroste forfattarskap.

Petterson har også fått stor merksemd internasjonalt. Bøkene hans er omsett til over femti språk, superlativa har blitt henta fram hos The New York Times, Time Magazine og The Guardian, og han har motteke to av verdas viktigaste prisar for omsett litteratur.