Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

"Drømmer" - ei fotoutstilling på Ålesund bibliotek

Foto av ein draumefangar, med solnedgang i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete 

Det er elevar frå Ålesund vidaregåande skule som stiller ut bileta sine på fotoveggen i mai.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Ei gruppe tredjeårselevar som går på linja Medium og kommunikasjon ved Ålesund vidaregåande skule, tek det valfrie programfaget Bilete. Dei har ei stund jobba med foto. Saman har dei kome fram til at bileta skal ha draumar som felles tema. Bileta har elevane tatt sjølve, og nokre av dei er jobba med i PhotoShop i etterkant. Resultatet blir vist fram i fotogalleriet til Ålesund bibliotek i heile mai.