Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endeleg litteraturfestival i Ålesund

Promobilete for Ålesund litteraturfestival, med Brosundet i Ålesund som motiv. Plakat. - Klikk for stort bilete


Bli med på ei feiring av bøker og forfattarar i tre dagar til ende! Her vil du møte fleire av landets mest kjende forfattarar, saman med ei rekkje andre lokale og nasjonale røyster. Alle arrangementa er gratis for publikum.

Ålesund litteraturfestival arrangerast 26.-28. januar. Festivalen har program for barn, ungdom og vaksne innanfor ulike sjangrar, og inneheld forfattarsamtalar, føredrag, debattar og musikk. Både krim, skjønnlitteratur, sakprosa og poesi vil vere representert. Av forfattarar som kjem til festivalen, kan nemnast kjende størrelsar som Tore Renberg, Helga Flatland, Trude Teige og Knut Nærum, og kanskje mindre kjende som slampoeten Fredrik Høyer og lyrikaren Selma M. Yonus.

I dagens samfunnsdebatt er omgrep som utanforskap, inkludering og tilhøyrsle gjennomgåande. Ålesund litteraturfestival freistar i sitt første program å fange denne tidsånden, på same tid som den famnar det som alltid må vere med i et breitt litterært tilbod: humor, spenning, fakta og overraskande vendingar. Det blir eit variert program av høg kvalitet, og håpet er at publikum vil forsyne seg godt av denne festmenyen av forfattarar og spanande innslag, alle altså med gratis inngang. 

Ålesund litteraturfestival er ein nyetablert litteraturfestival som er blitt til i eit samarbeid
mellom Ålesundsbiblioteka, Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Norli Ålesund, Borgund Mållag, Parken kulturhus og frivillige. Arrangørane meiner at det er på høg tid at ein festivalby som Ålesund også plasserer seg på litteraturkartet, og håper at festivalen kan bli ein årleg møteplass for litteraturinteresserte. Forhåpentlegvis kan ein festival også stimulere nye røyster og forfattarar, og vere med på å styrke den lokale litteraturen.

På nettstaden til litteraturfestivalen kan du sjå heile programmet, og lese meir om dei ulike arrangementa og forfattarane. Nettstaden finn du her: Ålesund litteraturfestival.

Frivillig?

Dersom du vil vere frivillig under festivalen, kan du ta kontakt med Sigurd B. Syversen på epost: sigurd.biornstad.syversen@alesund.kommune.no eller mobil: 48105400.