Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endeleg Sommarles igjen!

Plakat med reklame for Sommarles, med teksten "Natt på biblioteket". - Klikk for stort bilete

Også denne sommaren er det Sommarles. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar vere med på Noregs kulaste lesekampanje.

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les. I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! 

Barna får også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I år heiter forteljinga "Natt på biblioteket", og i den følgjer vi heltane Astrid og Asbjørn, samt ei rekkje andre figurar som barna kan kjenne igjen frå tidligare år.

Sommarles er for barn i 1. - 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Sommarles gjer det gøy å lese!
 

Her kan du registrere deg og finne masse meir stoff om Sommarles:

Sommarles.no