Endring i opningstidene 18. og 19. marsI veke 12 vert det 80. norske bibliotekmøtet arrangert i Molde. I samband med dette vil nokre av Ålesundsbiblioteka ha kortare opningstid og nokre vere heilt stengde onsdag 18. og torsdag 19. mars. Det norske Bibliotekmøtet vert arrangert annakvart år av Norsk bibliotekforeining. Årets Bibliotekmøte er det åttiande i rekkja, og har vore arrangert heilt sidan 1908. Det er den største bibliotekkonferansen som vert arrangert i Noreg. Her møtest heile det norske bibliotekmiljøet for å vere med på fagleg innhald som tek pulsen på aktuelle biblioteksaker både i Noreg og i andre land, inspirerande føredrag og sosiale tilstelningar der ein kan knyte kontakter og byggje nettverk.Vi i Ålesundsbiblioteka er så heldige å få delta på Bibliotekmøtet i år, då det altså vert arrangert i heimfylket vårt. Dette gjer likevel at vi ser oss nøydde til å redusere opningstida ved biblioteka onsdag 18. mars og torsdag 19. mars:Ålesund bibliotek og Moa bibliotek held ope frå kl. 12.00 - 16.00 begge dagane. Moa bibliotek er meirope til vanlege tider, mellom kl. 09.00 og kl. 21.00.Harøy, Skodje og Sjøholt bibliotek vert stengd begge dagane. Skodje og Sjøholt er meirope til vanlege tider, mellom kl. 08.00 og kl. 22.00 (Skodje) og mellom kl. 09.00 og kl. 22.00 (Sjøholt). Sist endra 10.03.2026 16.02