Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek er stengt laurdag 27. juli.

Fleire meiropne bibliotek

I desember har fleire av biblioteka våre kome i gong med ordninga med meirope bibliotek. Med tilgang til eit meiropent bibliotek, kan du bruke biblioteket også før og etter ordinær opningstid.

Mange bokhyller i ulike fargar, arbeidsbord og stolar. Foto. - Klikk for stort bilete 

No er også biblioteka i Brattvåg, på Sjøholt og Skodje blitt meiropne bibliotek, i tillegg til Moa bibliotek, som har hatt denne ordninga ei stund. Meirope bibliotek vil seie at du, dersom du er over 16 år, kan få tilgang til biblioteket utover den bemanna opningstida. Du kan til dømes låne og levere bøker, lese aviser og tidsskrift, gjere lekser, skrive ut eller berre nytte det trådlause nettverket.

For å få tilgang til dei meiropne biblioteka, må du inngå ein avtale om dette. Du må signere ein kontrakt der du forpliktar deg til å følgje biblioteka sine reglar for bruk. Når du har fått tilgang, kan du låse deg inn med bibliotekkortet ditt og ein pinkode.

Ta kontakt med biblioteket ditt for meir informasjon!