
Lær om den digitale kvardagen
Kvar månad arrangerer Ålesund kommune desse møteplassane for seniorar der ein
over ein kopp kaffi og ein god prat kan lære meir om dei digitale verktøya ein bruker i kvardagen.
På kvar samling er det ei innleiing om eit aktuelt digitalt tema. Etterpå er kommunen sine ansatte til stades så alle kan få hjelp med det dei måtte lure på om den digitale kvardagen vår.
Tema i mars er «Finn fram på kommunen si nettside». I april er det «Billettbestilling på nett», og i mai «Biblioteket sine digitale tenester».
Faste møteplassar
Dei faste møteplassane er Nærmiljøkafeen på Harøya, frivilligsentralen på Sjøholt, biblioteket i Gomerhuset på Skodje, Moa bibliotek og Ålesund bibliotek.
Deltakarane bør ha med eigen mobiltelefon, nettbrett eller PC, og gjerne ladar og påloggingsinformasjon. Arrangementa er gratis og krev inga påmelding. Det er berre å møte opp!
Samlingar våren 2025
Tema veke 12: Finn fram på kommunen si nettside.
Nærmiljøkafeen på Harøya 17. mars kl. 12.45 – 14.30
Ålesund bibliotek 18. mars kl. 13.00 – 15.00
Ørskog frivilligsentral 19. mars kl. 12.00 – 14.00
Moa bibliotek 20. mars kl. 12.00 - 14.00
Skodje bibliotek 21. mars kl. 12.00 – 14.00
Tema veke 15: Billettbestilling på nett
Nærmiljøkafeen på Harøya 7. april kl. 12.45 – 14.30
Ålesund bibliotek 8. april kl. 13.00 – 15.00
Ørskog frivilligsentral 9. april kl. 12.00 – 14.00
Moa bibliotek 10. april kl. 12.00 - 14.00
Skodje bibliotek 11. april kl. 12.00 – 14.00
Tema veke 19: Biblioteket sine digitale tenester
Nærmiljøkafeen på Harøya 5. mai kl. 12.45 – 14.30
Ålesund bibliotek 6. mai kl. 13.00 – 15.00
Ørskog frivilligsentral 7. mai kl. 12.00 – 14.00
Moa bibliotek 8. mai kl. 12.00 - 14.00
Skodje bibliotek 9. mai kl. 12.00 – 14.00