Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Føredrag om lyrikaren Gunvor Hofmo ved Moa bibliotek

Torsdag 21. mars feirar vi verdas poesidag med føredrag på Moa bibliotek.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.
Bilde av dikter Gunvor Hofmo side om side med foredragsholder Anne Standal - Klikk for stort bilete Robert Meyer


Moa bibliotek markerer verdas poesidag og ynskjer velkomen til foredrag om lyrikken og livet til Gunvor Hofmo, ein av dei fremste lyrikarane i Noreg etter krigen.

Foredraget blir halde av Anne Standal.  Anne Standal har ein cand.mag i litteraturvitskap, teatervitskap og musikk ved UIO. Ho har studert sang ved Statens Operaskole og Musikkonservatoriet i Oslo, med vidare studier i London og Helsinki. Standal var busett i Oslo/Trondheim i 23 år, der ho verka som utøvande songar innan teater og konsertverksemd; dette heldt fram då ho flytta tilbake til Ålesund. Ho er no pensjonist etter å ha vore intendant ved Ålesund Kunstforening/KHÅK kunsthall i 22 år.

Føredraget er gratis og ope for alle.