Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Forteljingar om flukt i Ålesundsbiblioteka

Bilete av dei to forfattarane Sunniva Relling Berg og Golstan Kareemi. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete Katrine Ekroll Celius


Ålesundsbiblioteka har denne veka invitert elevar frå vidaregåande skular i Ålesund kommune til ein litterær samtale med forfattarane Sunniva Relling Berg og Golstan Kareemi.  Over 90 elevar fekk høyre arrangementet på biblioteka i sentrum, på Moa og i Brattvåg.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Utgangspunktet for samtalen var Sunniva Relling Berg si bok Polarnatt og Golstan Kareemi si diktsamling Flyktningkvoten 1999. Desse verka handlar begge om flukt, men blir fortalde med ulik bakgrunn og vinkling. Polarnatt har ungdomstrinnet som målgruppe, mens Flyktningkvoten 1999 er ei bok som passar både for ungdom og vaksne. Til saman balanserer tekstane kvarandre fint og illustrerer ulike måtar å skrive om eit tema på. 

Bilete av forfattarane på scena på Moa bibliotek. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete Katrine Ekroll Celius


Vi håpar at samtalearrangementet har ført til refleksjon rundt det å vere på flukt og vere flyktning. Golstan har skrive den boka ho skulle ønskje ho hadde då ho var ung, nemleg ei bok som set ord på dei kjenslene ho sat med då ho prøvde å finne sin plass i to svært ulike kulturar. Sunniva skreiv Polarnatt etter samtalar med elevar på vidaregåande skule som var nye i Noreg. Samtalen mellom dei to har vore eit bidrag til å nyansere biletet av kva det vil seie å vere flyktning, og å skape rom for å snakke om desse erfaringane. 

Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund og har skrive fleire bøker både for ungdom og vaksne. Debutboka Utfor frå 2011 blei nominert til Brageprisen i klassa for barne- og ungdomslitteratur. Boka Polarnatt er ei spaningsbok som handlar om dei to syskena Ilias og Amira som rømmer frå asylmottaket dei bur på i Nord-Noreg.   

Golstan Kareemi er busett i Oslo, og diktsamlinga Flyktningkvoten 1999 er hennar debut, og er utgitt i august 2022. Kareemi kom til Noreg saman med sin familie som kvoteflyktning i 1999. Boka er skriven som ein hyllest til flyktningforeldre og third culture kids

Prosjektet vart støtta av Fritt Ord.

Bilete av mange ungdomar som sit og høyrer på forfattarane som snakkar. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete Katrine Ekroll Celius