Fotoutstilling frå kyrkjerommet
I juni er det Ålesund kameraklubb som stiller ut bilete på fotoveggen til Ålesund bibliotek. Bileta er tekne i Ålesund kyrkje, og spenner frå det storslagne til det detaljnære.
I vinter hadde Ålesund Kameraklubb eit prosjekt der oppgåva var å tolke kyrkjerommet. 15 medlemar frå klubben deltok over tre søndagar, der dei gjekk på oppdagingsferd med kameraet sitt i kyrkja. Resultatet vart ei eindagsutstilling i Ålesund kyrkje ein søndag i april.
I juni får vi no sjå eit utval av desse bileta i fotogalleriet til Ålesund bibliotek.
Kom og sjå bileta i biblioteket si opningstid i heile juni.
Velkomen!
Sist endra 04.07.2022 09.32