Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Fotoutstilling i januar: "Almost Cut My Hair"

Kjetil Gjøen stiller ut sine bilde ved Ålesund bibliotek i januar. Utstillinga består av svartkvitt fotografi av norske og internasjonale artistar, tekne på norske musikkscener mellom 1973 og 1976. 

Kjetil Gjøen

Laurdag 3. januar blir det opning av fotoutstillinga til Kjetil Gjøen, som har fått tittelen “Almost Cut My Hair”.  

Utstillinga viser konsertbilde av kjente artistar, tatt på norske musikkscener frå 1973 til 1976. Gjøen var berre 16 år då dei første bilda blei tekne. Fotografia viser musikalske størrelsar som Frank Zappa, Popul Vuh/Jahn Teigen, Ole Paus, Procol Harum, Randy Newman, med fleire.

Det utstyret som Gjøen har brukt er eit analogt Konica-kamera og svartkvitt film som blei kjøpt i metervis frå Forsvarets overskotslager. Bilda er framkalla og kopiert i Gjøens eige fotorom i kjellaren. Nokre er også trykt på aluminium. 

Sjølv seier Kjetil Gjøen om bilda, perioden dei er tekne og kvar tittelen på utstillinga kjem ifrå: “Jeg var 16-19 år gammel, brukte et analogt Konica-kamera, og fremkalte alt i kjelleren hjemme. Men det viktigste var kampen mot et autoritativt regime, som over år brukte makt for å snauklippe oss. Men vi sto imot.  Dessuten - en stor takk til David Crosby som skreiv låta ”Almost Cut My Hair" (1970)". 

Tre av bilda er kjøpt inn av Munchmuseet, fordi konserten som bilda er tekne i si tid fann stad der. Med unntak av dette er bilda aldri tidligare vist fram offentleg.

Utstillinga blir hengande på kunstveggen ved Ålesund bibliotek i heile januar.

Kjetil Gjøen