Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Fotoutstilling i mars

Skodje fotoklubb stiller ut bilete ved fotoveggen på Ålesund bibliotek i mars. 
Heks som flyr på sopelime gjennom gammel bibliotek - Klikk for stort bilete John Colbensen  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Denne utstillinga viser bileta som representerte Skodje Fotoklubb i klubb-NM 2021, og som gjorde at dei vart Norges beste fotoklubb. 

Skodje Fotoklubb har medlemmar som er alt ifrå ferske hobbyfotografar til profesjonekke som konkurrerer på internasjonalt nivå, og som har fotografi som yrke. 

Per 31. desember 2021 hadde klubben totalt 67 medlemmar, og dei er ein aktiv klubb med klubbmøter, utflukter og fototurar. Formålet med klubben er å gi medlemmane økt kunnskap om fotografi, auke interessa for godt fotografi i lokalsamfunnet og skape eit breitt fotomiljø. 

Skodje Fotoklubb ynskjer alle som er interesserte i å sjå nærare på kva klubben driv på med velkomen på besøk. Dei møtast siste torsdagen i kvar månad på Jentekolonien i Skodje sentrum. Elles er dei å finne på Facebook og Instagram.

Du kan sjå utstillinga i biblioteket si opningstid i heile mars.