Ålesundsbiblioteka Malportal

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Frivillighetens år

Ålesundsbiblioteka markerer frivilligheitsåret 2022 med utstilling ved biblioteket i Ålesund sentrum.

2022 er frivilligheita sitt år. Dette året skal synliggjere det viktige arbeidet som blir gjort av frivillige organisasjonar. Den frivillige innsatsen blir heidra med eit digitalt museum og ei fysisk utstilling. Gjenstandane som blir utstilte er sterke symbol for dei omlag 100 000 frivillige organisasjonane som finst i Noreg; ein ropert, eit vaffeljern, ei trenarfløyte og eit munnbind. Desse, og fleire andre tilsynelatande kvardagslege gjenstandar, er no stilt ut på det som truleg er verdas første digitale museum for frivillig innsats på nettstaden frivillighetensmuseum.no.

Biblioteka og dei frivillige er viktige for kvarandre. Vi markerer frivilligheita sitt år med ei fysisk utstilling på Ålesund bibliotek. Lokale frivillige organisasjonar har blitt invitert til å stille ut ein gjenstand som symboliserer deira organisasjon. På denne måten kan biblioteket vere ein møteplass for frivilligheita og medborgarane.

Klikk deg inn og sjå den digitale utstillinga på frivillighetensmuseum.no, og kom og sjå utstillinga vår på Ålesund bibliotek.