Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Fullteikna KI-kurs

Det har kome svært mange søknadar på kurset om kunstig intelligens, som Ålesundsbiblioteka arrangerer i samarbeid med NTNU Ålesund våren 2025. Søknadsskjemaet er difor stengt, slik at det no ikkje lenger er mogleg å søke om plass på kurset.


Ålesund bibliotek og NTNU Ålesund vil frå april 2025 tilby ei gratis kursrekke i kunstig intelligens. Kurset er basert på sjølvstudiet «Elements of AI», og vert gjennomført som ei etterutdanning utan formell eksamen. Deltakarane får kursbevis frå NTNU. 

Etter at kurset blei lansert for berre eit par veker sidan, har det vore svært stor interesse rundt det. Alle med interesse for KI og fullført vidaregåande skule, kunne i utgangspunktet søke på kurset. Søknadsfristen var sett til 31. januar 2025. No har pågangen vore så stor, og med så mange søkarar, at ein har sett seg nøydd til å stenge søknadsskjemaet allereie no. 
- Vi gjer dette slik at dei som har søkt fram til no blir prioritert, og fordi vi ikkje ønskjer å sende så mange avslag, seier biblioteksjef i Ålesund, Lia Ciobanu Andresen. Ho seier vidare at moglegheita for å auke antall plassar på kurset har blitt drøfta, men dette er ikkje avklara enno. 

Søknadane som har kome inn skal vurderast i løpet av den neste veka, og ein vil prøve å gje tilbakemelding til søkjarane så snart som råd.