Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Girl Tech Fest i Brattvåg

Torsdag 10. november inntok jentene biblioteket i Brattvåg, då den store teknologifesten for jenter, Girl Tech Fest, blei arrangert der. 

Her er jentene i sving med programmering av kulerobotar. Ingvild Haram


Girl Tech Fest er eit initiativ for å auke jenter si interesse for teknologi og realfag.  Jenter i 4. og 5. klasse blir inviterte til ein heil dag fylt med koding, programmering, oppgåver og leikar med teknologi av ulikt slag, slik at jentene får sjå kva teknologien kan gjere og brukast til.  På Girl Tech Fest er det med rettleiarar som er kvinnelege rollemodellar som jobbar med teknologi, og som brenn for at fleire jenter skal velge teknologi og realfag og slik bidra til å styrke kvinneandelen i teknologibransjen. Arrangørane bak er IKT Norge, ODA-nettverket, TENK - Tech Nettverket for Kvinner og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.

Forskning viser at jentene si interesse for teknologi og realfag minkar i større grad enn hos gutane utover barne- og ungdomsåra. Derfor får jentene denne moglegheita til å få ein dag med berre jenter, med kvinnelege rettleiara frå IT- og teknologiyrker, på deira eigne premiss. Ei praktisk og utforskande tilnærming til teknologi er med på å auke jentene si interesse. Dei må forstå korleis den fungerer, og kva den kan brukast til. På Girl Tech Fest får jentene prøve sjølv, vere kreative og nyskapande, og dei får møte rollemodellar og skape relasjonar til kvinner dei kan relatere til. 

Jentene får prøve å programmere med Minecraft. Ingvild Haram


Girl Tech Fest blir arrangert over heile landet. I Brattvåg var det Brattvåg bibliotek og Haram frivilligsentral som stod for arrangementet, der 60 jenter og hjelparar deltok. Eit bibliotek har mange ulike samfunnsoppgåver. Biblioteka jobbar med litteraturformidling, men er også ein møteplass, inkluderingsarena og kunnskapsarena. Vi er derfor svært glade for å kunne få gjennomføre Girl Tech Fest. I tillegg til hovudformålet med arrangementet, nemlig å få jenter meir interesserte i teknologi, synest vi også at det er gledeleg å vere ein møteplass der jenter frå mange ulike skular får sjansen til å møte kvarandre. Eva Ulla Myren ved Brattvåg bibliotek seier at dei håper å få høve til å arrangere ein endå større fest for fleire skular neste år. Ho framhevar også at det er viktig å vere ein god samarbeidspartnar for kommunale einingar, lag og foreiningar, og håper på endå meir samarbeid i nye Haram kommune. 

Bygging med Strawbees. Ingvild Haram

Haram frivilligsentral og Brattvåg bibliotek har har hjelp frå mange hold for å kunne gjennomføre arrangementet. Dei vil gjerne takke Finnøy Gear, Twoday, NIT Longva og Haram vidaregåande skule. I tillegg har dei hatt to elevar frå Brattvåg ungdomsskule på arbeidsveke ved biblioteket, og desse to har også hjulpe til for å få gjennomført arrangementet. Dei vil også takke Kulturkafeene og Lyreco for store rabattar på mat, koppar og fat, og dessutan snille kollegaer på Tenestehuset i Brattvåg for gode råd og tips, og for å la dei “ta over” Tenestehuset denne dagen. Sist, men ikkje minst, vil dei takke alle lærarane og foreldra som gjorde det mogleg for jentene å kome på besøk til bibioteket. 

Foto i fargar av mange smilande jenter med hendene i været. - Klikk for stort bilete Jasmina Maksumic